TILBAKEBLIKK: Her er me tilbake til fredag 8.februar 1985. På sein ettermiddag den dagen kom Klovnen Knut, ein landskjendis på den tida, til Stord kulturhus med trylle- og tøyseshowet han hadde reist kongeriket rundt med i over tre år.
Det vart ein kjempesuksess.
Stord folkeopplysningsråd og Folkeakademi var lokal tilskipar og hadde rekna med å selja 150 billettar – så vart det selt 500.
Klovneriet gjekk føre seg i den som den gong var Konsertsalen i underhøgda i bygget. Lokalet vart seinare ombygt til «Småsalen» med amfi, og er mykje i bruk til kinoframsyningar. I Sunnhordland sitt referat frå klovneshoett, les me at publikum så visst fekk valuta for inngangspengane.