Sykkelbyen Stord – tett og lett, står det å lesa på telleapparatet ved Politi- og Vegvesen-huset på Vabakkjen. Det burde vore føydd til at sykkelby-prosjektet for lengst er avslutta.
Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, fylkeskommunen og vegvesenet – med fokus på å få fleire til å trø på pedalane. For å ha sikten på kor mange som brukte sykkel som transportmiddel vart det rigga til telleapparat på Vabakkjen. Det står der framleis – men har tydeleg vis mista taket på tiltenkt funksjon. Då Stordront besøkte apparatet like før klokka 13. måndag 27. januar, 2025, viste status på «displayet» at 40 syklar hadde passert så langt denne dagaen, medan 80 tohjulingar hadde runne framom hittil i år. Eit tal det er vondt å festa lit til. Så – skal tellaren framleis vera på jobb, må han i det minste gjera korrekte noteringar.