
I løpet av helga som var, har det igjen lagt seg nysnø i øvre del av fjellheimen vår. Det kan lokka til skitur, men vegen er opp til det kvite underlaget er som kjent vinterstengt for biltrafikk. Eit relevant spørsmål endå ein gong, er om det skjer noko i saka som skal gje køyrande veg til, og større parkeringsplass på, på Øvra Heio?
Stordront har henta fram nyaste Arbeidslista til kommunedirektøren og finn der, på første sida, sak med nemninga: Utbetring av veg til Heio og parkeringsplass. Etablering av frivillig betaløingsordning
Om saks-stoda per dato heiter det:
«Prosjektet forseinka som følgje av endra premissar med omsyn til finansiering og fordeling av inntekter. Det vil koma i sak om alternative løysingar og økonomiske konsekvensar hausten 2025.»