
– Har me høyrt korpset betre? Det var det gode spørsmålet på utsteg ut frå Stord Musikklag sin jubileumskonsert (125 år) for nokre månader sidan. Same spørsmålet melde seg etter Nyttårskonserten dei same musikantane under leiing av digient Paul Hughes baud på i Kulturhuset no laurdag. Det var nytt repertoar – som berre var til å nyta for oss alle i salen. Og me var mange. Er det noko som heiter å lytta med andakt, så var det det som skjedde.
Såleis vart framføringa av musikkstykket «Consertiono» med Ane Agdestein som solist på fløyte, ei himmelsk vakker oppleving, rett og slett. Meir på heimebane musikalsk vart det då Ole Jakob Hystad med saksofonen hadde solistrolla i «Marsj etter Erling Kjøk». Han er «sikker som banken».

Det same kan seiast om musiklaget samla, som sjølvsagt hadde med både Champagnegaloppen og Radidetzky marsj på spelelista til Nyttårskonserten 2025. I år, som i fjor og året før, – bunde saman av konferansier og bassist Jørn Olav Myhre. I fjor imponerte den unge gjesteartisten Yosef Tesfa på el-gitar, i år imponerte han endå meir med eit spenstig innslag.
– Det er ein stolt kommune som får vera eindel av programmet på denne konserten, sa varaordførar Øyvind Kyvik, då han saman med kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen entra scene for å dela ut 2024- prisar og handfast heider:
- Kulturstipendet til Jonas Tislevoll som skal laga ei spesiell fototutstilling.
- Kulturprisen til Severin Eskeland og Reinert Horneland for deira filmproduksjonar. Blir verdspremiere for «Heks» til hausten, Nyttårskonserten vart avslutta med vising av «traileren» for filmen på stort lerret.
- Målprisen til Falturiltu – nynorsk barne- og ungdomslitteraturfestival, motteke av tilskiparane ved Camilla Rush.
- Eldsjelprisen til Ivar Helleland – for det store frivillige arbeidet lagt ned innan idrett og i Venelaget for Gruo.
– Prisen deler eg med alle som gjer ein frivillig innsats til beste for oss alle, helsa Helleland i takketalen.
