Om det er så stor variasjon i takt og steg mellom swing og rock’n roll, treng me ikkje dvela så mykje ved. Men den sorten suveren dansemusikk vart det gledeleg mykje av på «Dansekveld 2» på Arena fredagskvelden.
Og det var akkurat kva ønskje var frå spreke danseglade frå 60 til 65 +. Frå første tone frå sekstetten på scenen til «takk for oss klinelåten« tre og ein halv time seinare var det fullt på dansegolvet. Gode kunster frå Turnhallen og Samfunnshuset og Samhald vart friska opp inkludert smilande samsong. Tekst og takt sit i føter og hovud framleis.
Ekstra kjekt er det når sal og musikk er på hundreogtjue prosent same frekvens. Når den gode smitten går begge vegar. Så takk for initiativet til Roald Kaldestad og Endre Olsen, til medmusikantar Per Øystein Kannelønning, Odd Tollaksvik, Torleiv Agdestein og Martin Hystad og til gjesteartistane Olav Skorpen, Einar Hillestad og Anders Hystad Kyvik.
– Ka seie dåke, ska me ha slike danskveldar her fleire gonger, spurde Kaldesta’en i ei kvikk gallupundersøking frå scenen. JA, svarte dei 125 som hadde sikra seg billett.
Så då er det berre å gleda seg til eit nytt treff utpå vårparten.