Etter kvart som nyeskulen har reist seg på Vabakkjen, har stordront.no fått spørsmål om kva som skulle skje med dei høge trea som stod trugande nær overgangsfeltet ved snikkeverkstaden. Særleg vart det snakka om dei store furutrea med stor krone i toppen.
I dag kan me gje svaret: – trea er fjerna og det er blitt både lyst og fint i skråningen opp mot skulebygget, der er gravemaskin i full gang med gangveg og parkmessig arondering.