«Vis omsyn – bruk hundepose». Rundt om i sentrale strok av byen vår er det hengt opp plakatar med denne ordlyden, men det kan godt hengjast opp endå fleire. For etter kvart som snøen forsvann, kom det hundeskit opp i dagen det offentlege rom – oftast i blaut form. Deler av plenen i eit av dei «grøne» rom på Vikje, var særs ille råka av attegløymsla frå trengde hundar. Det såg helst fælt ut. Eit anna og veldig like triveleg moment i saka, er at kommunale plenar skal stellast og difor bør det takast ekstra omsyn til som skal utføra jobben. Å trakka i hundeskit, må godtfolk sleppa unna.