Pris for beste stand på utdanningsmessa 2024

Stord kommune vart i dag heidra for årets stand på utdanningsmessa for Sunnhordland i 2024.

Tildelinga vart grunngjeven med at Stord kommune synleggjorde dei mange arbeidsstadane og dei ulike utdanningsretningane som er tilgjengelege i kommunen.

Stord kommune hadde stand som representerte mellom anna helse og omsorg, brann og redning, skule og barnehage, eigedom, IKT.

Ordførar Sigbjørn Framnes og lærlingkoordinator Grete Urdal tok i mot diplomet.

Diplomet vart utdelt av Kurt Grundvold, Utdanningsmessa for Sunnhordland, og Sverre Olav Svarstad, president ved Stord Rotary klubb.

(Denne saka er henta frå Stord kommunes si nettside etter avtale)