For ein som har vore nabo til parken i Nordre Kaisving på Leirvik i 70 år, varma det kring hjarta då tre flittige utsende frå den kommunal grøne etat starta veka med å gå laust på tilveksten av eføy og anna bladverk med sterke sakser. Det viser godt att på plassen, at nokre lastebil-lass med greiner vart køyrde vekk. No ser me toppen av stabbesteinane, men endå kan det klyppast vekke mykne meir. Gjerne så kraftig nedkutt at me igjen kan få sjå den flotte muren som leiar opp mot Borggata.
Samla meiner med heile Nordre Kaisving med steinar og røyrgelender oppå (må snart bytast heile vegen), er eit kulturminne som må stellast der etter. Målet for arbeidet som er kome i gang, må ikkje vera mindre enn at Baard Hauglands plass skal framstå i fornya versjon. Vikjo og byen vår fortener det.