Heilt nederst i Vikabekken, bak Kulturhuset og Gropo, ligg denne innretningen, som me er noko usikre på kva er. Ein slags «rundingsbøye» for flatt golv, eller ein slik som blir sett opp for å leia kø av menneske på rett veg? Det me i dette tilfellet er meir sikre på, et at innretningen ikkje har noko å gjera i bekken og at det difor er like greitt han blir henta først som sist. Takk.