Så vakker kan januarsolnedgang  vera

Solnedgang over søra Stordøy sett frå søra Huglo. (Foto: Theodor Gravdal)

Heldige er dei på austsida av Langenuen som hadde så fin ein utsikt ein søndag  litt over midtvegs i januar 2025.  Motivet blei festa til mobilkamera då den digitale klokka viste 15.52.  Utstiktsstaden ligg på Sørhuglo, medan sola takkar for seg denne dagen med nedgang over  Haga-området. For ein sjeldan gong la Nuen seg totalt paddeflat, hadde visst ingen ting å blåsa seg opp for. Ei stund for minnealbumet.