100 meter meir  kai på Eldøyane

Raud sirkel viser kvar det skal byggjast lenger kai.

På nettsida til Statsforvaltaren i Vestland  ligg denne kunngjeringa med svarfrist 3. februar:

«Multiconsult søkjer på vegne av Stord kommune, ved Stord Hamnestell om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å forlenge eksisterande industrikai på Eldøyna ved Stord Hamnestell i Stord kommune.

Den eksisterande industrikaien skal forlengast om lag 100 meter i sørleg retning med eit tilsvarande kaikonsept som den eksisterande kaien. Arbeida omfattar utfylling av om lag 28 500 m³ sprengsteinmassar over eit areal på 5 000 m², etablering av 34 pelar i to rader og undervassprenging for utdjuping av sjøbotnen. Det er òg behov for mudring av 350 m³ massar for utdjuping, etablering av erosjonssikring og pelar. Arbeidet er planlagt å starte i mars 2025 med ferdigstilling i februar 2026.

Multiconsult har i den vedlagde søknaden beskrive arbeida, gjort ei risikovurdering av anleggsarbeid ut frå kjende marina naturtypar, og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining til eit akseptabelt nivå.»