Søknadsfrist for å søkja barnehageplass i hovudopptaket for 2025 er 1. mars.
(Denne saka er henta frå Stord kommune sine heimesider etter avtale)
Søk barnehageplass (ist-asp.com)
OBS! For å sikra krav i barnehagelova om at flest mogeleg barn får tilbod i 1. eller 2. prioritetsbarnehagen ved samordna opptak, har me tre rundar med utsending av tilbod. Dette då det kvart år er søkjarar som ikkje treng barnehageplass likevel, og som difor takkar nei til tilbodet om plass.
Tilboda vert sendt digitalt med SvarUt.
Kriterier for rett til plass
- Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad innan lokal frist rett til barnehageplass frå august.
- Barn som fyller eitt år i september, oktober og november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad innan lokal frist, rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år.
- For barn med rett til prioritet etter barnehagelova §18 er det inga nedre aldersgrense.
Barn har rett til plass i barnehage i den kommunen det er busett. Retten gjeld i kommunen, ikkje i ein bestemt barnehage.
For å ha rett til barnehageplass, må ein ha søkt innan lokal frist 1. mars.
Kommunen kan oppfylla retten til barnehageplass på tre måtar:
- Barnet får første ynskje oppfylt
- Barnet får andre ynskje oppfylt
- Barnet får tilbod i annan barnehage
Vedtekter for barnehagar
Alle barnehagar har eiga vedtekt.
Det er barnehagen sin eigar som fastset vedtektene. Dei inneheld informasjon om til dømes eigarforhold, formål, opptakskriterium, tal medlemmer i samarbeidsutvalet, opningstid og oppseiingstid.
Det er viktig at du les vedtektene før du tek imot tilbodet om barnehageplass. Når du takker ja til tilbod om barnehageplass, stadfestar du samtidig at du har lest og forstått vedtektene. Til dømes kan reglane for oppseiingstid variera mellom dei ulike barnehagane. Ta kontakt med barnehagen dersom du har spørsmål om vedtektene.
Spørsmål?
Har du spørsmål kring søknad om barnehageplass, ta kontakt med fagavdeling for oppvekst og kultur – ved barnehageopptak på e-post: barnehageopptak@stord.kommune.no