Vandrande lyspunkt – og takk for det.

(Ill. foto)

Å setja kryss i plussmargen er, som det etterkvart skulle vera kjent, eitt av dei kjekkaste gjeremål for Stordront.no sin rapportør. 

Etter ein kort køyretur i Leirvik-området torsdag kveld MÅ det berre sendast gode ord og takk til dei mange (= over 12) som gjekk  tur på fortau langs fylkes- og kommunevegar korrekt iført refleks. Dei fleste med moderne  kroppskryssande refleksbelter, godt synlege både framifrå og bakifrå. Ja, like synlege i mørkret som dei med  refleksvest. 

Og dei med refleks som blinkar i ymse fargar.  

Alle er dei med på gjera kveldsturen tryggare,  for seg sjølve og for oss som rulla i firhjulingen. Det var beint kjekt å sjå så mange vandrande lyspunkt.