NHO Vestland, Vestland fylkeskommune og Nav lanserer no nettsida «Sommarjobb i vest» og oppmodar verksemder i fylket til å melde inn kva sommarjobbar dei kan tilby.
(Denne saka har me saksa frå Vestland fylkeskommune sine heimesider)
Målet er å synleggjere kva sommarjobbar Vestland har å by på, sikre tidleg tilknyting til arbeidslivet og førebyggje utanforskap.
— Vi treng fleire folk inn i arbeidslivet i alle sektorar framover. Vi må alle ta det taket og jobbe på alle flater for å styrke rekrutteringa til arbeidslivet. Vi oppmodar til dugnad for å tilsette endå fleire unge i sommarjobb, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Til nettstaden sommarjobbivest.no
Verdifull erfaring og døropnar
Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på bedrifter som tilset sommarvikarar. Samtidig veit vi at 7000 ungdommar i Vestland står utanfor utdanning og arbeidsliv. Å hjelpe fleire unge inn i arbeidslivet tidleg er derfor svært viktig. For ungdommane kan ein sommarjobb bli verdifull erfaring og ein døropnar for vidare utdanning og jobb.
— Vi må i større grad synleggjere jobbmoglegheitene som finst i Vestland. Ein stor del av bedriftene våre slit med å få tak i tilsette med rett kompetanse. Viss fleire unge får tidleg jobberfaring, trur vi det kan bidra til å sikre framtidig rekruttering, seier regionsdirektør i NHO Vestland, Helene Frihammer.
— Det er mange bedrifter som er heilt avhengig av sommarvikarar, mellom anna innan reiseliv og anleggsgartnarbransjen. Samtidig veit vi at det det ikkje nødvendigvis er så lett for dei unge å oppdage moglegheitene. Ved at vi no samlar alle sommarjobb-annonsane vil fleire jobbar bli kjende for fleire, legg Frihammer til.
Sjå innslag om kampanjen på NRK Vestlandsrevyen 15. januar
Korleis kan du registrere sommarjobb?
For verksemda di kan det vere eit unikt høve til å få inn kompetanse og inspirasjon. Ved å ta inn sommarvikarar kan du som arbeidsgivar oppdage talent som kan bli viktige for bedrifta og bransjen i framtida. Aller først er det viktig at du kan tilby arbeidskontrakt og elles følgjer gjeldande lover og reglar for arbeidsgivarar. Det er viktig at bedrifta di har ordna arbeidsforhold, og kan ta imot sommarvikarane på ein god måte.
Når dette er klart, kan du gjere følgjande:
- Lag ei attraktiv stillingsutlysing og legg den ut på nav.no på Bedrift – arbeidsplassen.no
- Nedst i stillingsteksten din legg du til #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest. Då fangar vi den opp, og han blir automatisk overførte til sommarjobbivest.no og kampanjen.
100 sommarjobbar i fylkeskommunen
Vestland fylkeskommune skal i år lyse ut over 100 sommarjobbar.
— I 2021 sa vi at vi skal skjerpe oss, og lyste ut 50 sommarjobbar. No ligg vi fast på over 100 kvart år, fortel Askeland.
Og fylkesordføraren sin første sommarjobb? Det var som avisbod for Bergens Tidende på Radøy.
— I løpet av to somrar finansierte eg min sin første sykkel, og slapp å låne bror min sin slitne, mimrar Askeland.
«Sommarjobb i vest» er støtta av Fana Sparebank, Sparebanken Vest og Sparebank 1 Sogn og Fjordane.