To siste kveldar og netter (i alle fall) har sentrumskjernen kring Rådhuset/Torget/deler av Torgbakken og Borggata vore utan lys i gatelysa. Det har heller ikkje vore lyshjelp å få frå anleggs-flaumlyset som tidlegare i vinter vart sett opp ved hjørna på Rådhuset. Mørkt og lite triveleg å ferdast i området, så oppmoding om å sjekka tilhøva, blir med dette sendt mot «rette instans».