Eining for regulering, byggesak og oppmåling (RBO) informerer jamt medlemene i eigen fagkomite – Utval for byutviklingi – om kva vedtak som er gjort per delegasjon på etatskontora. I nyaste bulletinen per 13. januar 2025, blir det også opplyst at ein så langt i det nye året har hatt føre 12 saker, medan 508 saker vart avgjort gjennom fjoråret. Her eit utval søknader som fekk ja-svar på tampen av 2024 og starten på 2025:
- Løyve til tiltak – riving og nybygg einebustad, Almåstre
- Mellombels bruksløyve, brakkerigg 238, Kjøtteinsvegen
- Løyve til tiltak, skjermingsgjerde, Valevegen
- Løyve til igangsetting, ny brannstasjon, dekklager og carport, Bandadalen
- Løyve til tiltak, tilbygg altan, Hornelandsvegen
- Løyve til tiltak, nybygg verkstad, reiskapshus, Litlabøvegen
- Ferdigattest, einebustad, Holevegen
- Løyve til igangsetting resten av tiltaket med bustadblokk med garasje Turnhalltoppen
- Løyve til tiltak, rehabilitering teglpipe, Flathaugane
- Løyve til tiltak, flyttbart modulbygg, Eldøyane
- Ferdigattest, nybygg lagerhall for salt og strøsand, Meatjønnsvegen