TILBAKEBLIKK: Her me tilbake til søndag 13. januar 1985, dagen skientusiastane i regionen hadde sett fram til med lengsel. Endeleg var det kome såpass med snø i løypene kring skistadion ved Fjellstova og innover mot Lundarstøl og Hetlesæter, slik at Skigruppa i ST&I kunne invitera til første rankingløpet det året.
Løypa var 4.1 km lang og seniorane gjekk tre rundar. Ein og to rundar for dei ynste og dei i turklassen. 29 valte turklassen medan 82 starta i dei ymse konkurranseklassane.
Langrennarane kom frå Stord, Fitjar og Tysnes.
Øystein Eide Eskeland, Stord, var raskast i sporet gjennom langløypa.