Frå januar 2025 vart det innført krav om kjeldesortering av tekstilavfall. Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) melder i den samaheng:
I SIM har me ikkje ei ordning for tekstilavfall foreløpig, men me har ei ordning for heile, reine og brukande tekstilar som kan gå til ombruk. Desse kan leverast kostnadsfritt på SIM sine miljøsentralar.
Når det gjeld tekstilavfall er me litt avventande til å setje i gong ei slik ordning, av di det ikkje finnes ein god nok mottakarmarknad.
Målet med kravet er at tekstilavfall skal gå til materialgjenvinning og ikkje til energigjenvinning og per i dag, er me usikre på om dette er tilfellet i så stor grad at det har ein god miljøgevinst.
Me håpar at me kan få på plass ein avtale om tekstilavfall i løpet av 2025, men vårt fokus er at me ikkje kan inngå ein avtale der me veit at veldig mykje av det som vert samla inn går til energigjenvinning i stadenfor til materialgjenvinning, då blir det ein negativ miljøgevinst
I SIM kommunane må tekstilavfall inntil vidare kastast i restavfallet.
Med venleg helsing
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS