Visste du at du som innbyggar i Stord kommune er eigar av mykje flott kunst og utsmykking som er plassert rundt om i kommunen?
Dette kjekke spørsmål dukkar opp om du via Stord kommune si nettside klikkar deg inn omådet Kunst. Der blir det også opplyst meir om målsetting for det kommunale kunstengasjementet;
- Stord kommune skal sikra at alle får høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk.
- Stord kommune si kunstordning har som mål å medverka til ei heilskapleg, kunstnarleg og estetisk utforming av det offentlege rommet. Det skal leggjast til rette for at kunst blir til glede for ålmenta, lett tilgjengeleg i kommunale bygg og uterom. 1% av kommunen sitt samla investeringsbudsjett, unnateke sjølvkostfinansierte investeringar, skal setjast av til kunst i offentlege rom.
Kunstordninga har eit eige styre kor dei politisk valde har stemme- og forslagsrett, kunstkonsulenten har tale- og forslagsrett. Noverande styre har desse medlmer:
- Reinert Svanberg (Frp), leiar – politisk vald
- Geir Angeltveit (V) – politisk vald
- Hannah Belsvik Hansen (SV) – politisk vald
- Anneli Belsvik Aras, kunstkonsulent – peikt ut av dei politisk valde medlemane i styret for kunstordninga
- Siren Eldøy Hinderaker, personal- og organisasjonssjef – peikt ut av kommunedirektøren
- Ragnhild Tveit, kulturrådgjevar
Styret for kunstordninga skal utnemna kunstkomitear til einskilde kunstprosjekt, gje mandat og godkjenna kunstplanane frå komiteane.
Kunstkomiteane skal ha med representantar frå brukarane, styret i kunstordninga og prosjektleiar for bygget. Der det er aktuelt kan arkitekten for prosjektet involverast. Komiteane skal leiast av kunstkonsulent. Konsulentoppdraget skal lysast ut i samarbeid med Hordaland kunstsenter. Styret for kunstordninga har ansvaret for gjennomføringa av kunstprosjekt, går det fram av informasjonen på nettstaden..
Vil du sjå mier av kunstverka du som innbyggjar i Stord er eigar av, klikk inn på lina nedfor.
I kunstdatabasen vår kan du sjå bilete av kunstverka og finne plasseringa.