Ut med «ymse» – inn med «DR» i kommunepolitikken

Frå saklista i innkallinga til Eldrerådet sitt møte komande måndag.

– Ser av innkalling til komande møte i Eldrerådet at det er koma inn eit nytt omgrep når det gjeld «sakstype». Meiner å vita kva PS (Politisk Sak), OS (Orienteringssak), og RS (Referat Sak) står for – men vil vera sikker også på DR. Kan det kort og greit tyda DRØFTING (Drøftingssak). Er det noko nytt, eller?

Dette var spørsmålet stordront.no sende møtesekretariatet i Stord kommune etter å har lese innkalling til første møtet 2025 i Eldrerådet. Frå Wenche Margrethe K. Johannesen, konsulent i dei kommunale Fellestenester kom dette svaret:

– Ja DR står for drøftingssak. Det betyr at me har fjerna tidlegare fast referatsak «YMSE», og erstatta med drøftingssaker, slik at det vert lettare å sjå kva eldrerådet skal drøfta i møtet. Det betyr også at eldrerådet sjølv kan koma med drøftingar dei ønskjer å ta opp under godkjenning av innkalling og saklista i møtet, og det vil då bli satt på sakskartet under møtet og protokollført.