Spennande vår på senioruniversitetet

Frå ei tidlegare forelesing for eldre studentar i Bømlo Kulturhus. (Foto: Steinar Hystad)

Skaren av studentar i vaksen alder som soknar til Sunnhordland Senioruniversitet sine forelesingar har ein spennande vår i vente. Ein tysdag i kvar at dei fem første månader i år, blir det invitert til samling i Bømlo Kulturhus. Alltid start kl. 11:00 og alltid inkludert kaffi og ein matbit.

Dette er programmet framover:

28. januar:
Lærar og forfattar Anita Østerbø: «Skammens mødre – en triologi om alenemødrenes tøffe kamp»

18. februar:
Prest Reidar Ådnanes – «Jakob Sande – banning og bøn, naud og nåde»

29. mars:
Professor Jørn Øyerhagen Sunde: «Landslova av 1274 og den fyrste konstitusjonen i Noreg»

29. april:
Professor, pianist og overlege Geir Olve Skeie: «Musikk – medisin for hjernen»

27. mai:
Professor Ingunn Lunde: «Ukraina – historia og kulturen»