Godt skodd – er halve turen.

Låg einsam att på fortauet. (Foto: Steinar Hystad)

Skal ein i desse dagar kle seg etter rådande tilhøve, og då tenkjer me frå topphuo og heilt til ned botnars, er broddar eit lurt «plagg» ta på seg.  Dei små piggane  kan bli redningen når det elles blir glipp for fotfestet.  Men når me på ein kort vikjotur kan telja både to og fire einslege broddar liggjande dame- og herrelause på fortauet –  ja då, er det me blir freista til å senda ut påminning om å sjekka at broddane dine er godt nok festa til skoen.  Det teiknar elles til å bli kaldt – og glatt – også dei komande dagar.  God tur.