Etter funnet av hams med tretten hasselnøtter i på Nordhuglo i fjor haust, har Stordront prøvd å ut finna ut kor uvanleg dette er. No har me fått stadfesting på at funnet i det minste er «svært sjeldent».
Frå pedagogisk leiar, Odette Tetlie, ved Universitetsmuseet i Bergen (Naturhistorisk museum) fekk me tidlegare i veka denne meldinga:
«Jeg har snakket med seksjonsleder Hilde i Muséhagen, som ble veldig overrasket over 13 nøtter i en og samme hams! Det er ganske sjeldent, men naturen overrasker jo ofte, sier hun. Selv har hun aldri funnet mer enn fire nøtter i en hams.»
1 til 4 er då også svaret Stordront får når me googlar «kor mange nøtter i ein hams». No veit me at 13 er «ganske sjeldent» – men kan det vera snakk om ein slags rekord?
Lokalt eller nasjonalt?
Nokon som kan hjelpa oss fram til rette svaret? Send oss ein e-post til tips@stordront.no.