I møtet 19. desember i fjor sette kommunestyret stopp for vidare arbeid med prosjektet som var tenkt å gje ny tømmerkai og næringsareal i Sørstokken.
– Skogeigarlaget har forståing for vedtaket, men laget er avhengig av begge tilsegna som er gjevne til å kjøpa tomt og starta bygging av ny tømmerkai, skriv leiar Odd Stuve Rommetveit i brev til kommunedirektøren. På vegner av skogeigarlaget ber han kommunen gjera alt som gjerast kan for å halda på tilsegna om støtte – totalt 11,5 millionar kroner slik at det kan byggjast tømmerkai på ny lokasjon. Og då helst i Stord kommune.
– At Stord kommune i realiteten no har sagt nei til tømmerkai i Sørstokken, minkar ikkje trongen for ein ny tømmerkai. Gamal tømmerkai i Tømmervik er ynskt vekk av då ny storindustri skal etablerast, godkjent av Stord kommune, skriv Skogeigarlaget.