Eining for regulering, byggesak og oppmåling (RBO) informerer i brev til kommuneadministrasjonen at den nye brannstasjonen som er under bygging får adressa Bandadalen 108, 5417 Stord.
Som grunngjeving for adressevalet blir opplyst at ein har har følgt Kartverket sine tilrådingar og brukt «Kantprinsippet». Det vil seia at ein tildeler oddetal på høgre sida av hovudveg-parsellen og partal på venstre sida. Hus langs sidevegar til høgre vert nummerert fortløpande med oddetal in og ut igjen, og hus langs sidevegar til venstre får tilsvarande partal.
Matrikkelforskrifta krev at skilt med adressenummeret skal vera sett opp FØR bygningsdelen kan takast i bruk, går det fram at retningslinene frå RBO.