TILBAKEBLIKK: Det som skjedde på kveldstid tysdag 6. januar 1987, må skrivast inn i Stord si skisoge som ei
storhending. Då vart nemleg lysa tente på første del av del av det som i alle år seinare har vore den mykje brukte lysløypa, med start og mål på Skistadion ved på Lundsseter. Medlemer i skigruppa i idrettslaget har har vore kvikke på pletten ved snøfall og stelt gode spor.
Første del av lysløypa, frå toppen av Ormabrekko til Lundarstøl var 1,5 kilometer lang og var eit fellesprosjekt mellom skigruppa, kommunen og det kommunale e-verket. Representantar frå nemnde partar var alle til stades ved den offisielle opninga, der det vart opplyst at neste målet var å få pålar og lys på plass i heile rundløypa på 4,2 kilometer til sesongen 1988.