Kan bli stengt – hastar å få skifta kunstgraset

Banane i Prestegardsskogen treng snarast skifta  kunstgraset. (Foto: Steinar Hystad)

Etter synfaring til Prestegardsskogen har fotballforbundet sendt bekymringsmelding når det gjeld tilstanden på kunstgraset på 11-banen.  Meldinga ber også med informasjon om fare for skadar og granulatureining. Så ille er tilhøva at banen står i fare for å bli stengt, noko som medfører store negative konsekvensar for kampar og trening.

Denne informasjonen er å finna i skriv IL Trott har sendt  Stord kommune. Her kjem det meir enn klart fram at det hastar å få skifta kunstgraset og at det bør skje alt i vår, slik at godkjent bane kan vera klar til sesongstart i april/mai. Trott har henta inn tilbod som legg totalkostnaden mellom 4 og 5 millionar kroner. Med fråtrekk av moms og tilskot frå spelemidlar vil kommunen sin kostnad bli kring 2,5 million.  Kanskje mindre.  Idrettslaget «nordom bekkjen» er kjent for ihuga eigeninnsats – og skriv til slutt i brevet:

– Trott er kjent med kommunen sine økonomiske utfordringar og vil etter beste evne bidra med dugnad og økonomi inn i prosjektet for å få det realisert så snart som mogeleg.