Ein lesar stiller spørsmål ved plasseringa av apparatet som for tida tel biltrafikken i Hamnegata (omtalt her på nettsida måndag). Teljaren er no festa til ei skiltstong ved grillhytta i gjestehamna.
– For å få eit korrekt bileta av all trafikken i området burde vel også bilane til Hamnegata Terrasse med China House, frisør- og velværesalong og gjestehamna vore med. Det er ikkje reint få bilar som stoppar på nemnde stader i løpet av ei veke, seier lesaren til Stordront.no