Nokre seier talgbolle, andre seier meisebolle, og ein kan like gjerne laga dei sjølve som å kjøpa dei fiks ferdige. No når grøn mark ligg under 30-40 centimeter snø, er våre fykande vener ekstra glade for å finna «boller» og annan føde lett tilgjengeleg. Eit tips i så måte, er å henga/plassera fuglematen såpass høgt at katten ikkje kan forstyrra måltidet.