Straks etter me var ferdige med første måkerunden laurdag morgon, kom neste byge og det var berre å henta fram snømåka igjen. Utover dagen gjekk diskusjonar heftig om kor mange centimeter kvit nedbør som hadde laget seg over øya. Førti eller trettifem, eller noko der ikring? Like goy snømåld å henta målebandet for å få fakta på bordet.
Måling vart gjort på flat benk og stadfesta 30 centimeter, og med slik høgde «all over» er det snakk om store mengder – og travle timar for brøytarane.