Følest  – kaldare enn det eigentleg er!

Ver og grader har også med kjensler å gjera.

Klokka viste 22.19 torsdag kveld den andre dagen i det nye året, og sidan paddo låg på salongbordet vart det (igjen) til at fingen fann ikonet for versjekk.   Ein lett «tøttsj» og Leirvik steig fram på skjermen med  0 grader –  med  illevarslande tilleggsinformasjon om at dette kunne følast som minus 11 grader.  Følast som 11 kuldegrader, ikkje noko mindre.  Meldinga kunne altså tolkast som at det var trong for å finna fram ullteppe og leggja det over dyna den tilkomande natt.

Denne form for vermelding har me notert oss «bak øyra» til sommaren, når det blir informert om 10 plussgrader – som me kan føla som 21 – og kle oss deretter.