Godt nytt år alle saman, helsar biblioteksjef i Eining for kultur, Elin Mariboe, i ein epost tidleg 2. januar.
– No har biblioteket slept sitt nyhendebrev som kjem til å komme månadleg framover og ha relevant informasjon frå biblioteket, held ho fram. – I dette fyrste nyhendebrevet for 2025 finn de mellom anna den nye opningstida vår som gjelder frå i morgon, og ein smakebit frå den heilt ferske statistikken for 2024.
Her kan du lesa det første nyhendebrevet – og om du vil abonnere er det berre å sende ein e-post til bibliotek@stord.kommune.no