Dei fleste kommunar i Vestland fekk nett før julehelga stunda til, brev frå Skyss og fylkeskommunen om at arbeidet mot nye ferjekontraktkar har starta opp. Tidsplanen tilseier grundig førebuing for dei 18 ferjesambanda dette gjeld og at det blir kontraktoppstart januar 2030.
– Ei første sak om komande kontraktar skal handsamast i fylkesutvalet medio 2025 for å gjera strategiske vegval og gje føringar for vidare arbeid. Avgjerd om å lysa ut konkurransen vil etter planen fattast av fylkesutulvat i 2026. Skyss tek sikte på å lysa ut konkurransen våren 2026, etter politisk vedtak, går det fram av rundskrivet.
Retningsliner for tilbodsnivået for ferjene har nett vore til behandling i fylkestinget, og det er desse som no ligg til grunn for Skyss sitt arbeid med tilbodsmaterialet. I tiltaka kan det koma framlegg til både styrking og omprioritering i ferjetilbodet.