«Eventyrdag på fjellet…»

Fullt på parkeringsplassen ved Fjellstova 26. januar 1986 (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK:  Søndag 26. januar 1986 vart ein av dei STORE utfartsdagar for skifolket i Stordafjellet. Ikkje rart, sidan  det snøkledde fjellet bada vindstilt i sol – som faktisk varmde såpass at dei som tok skituren til Steinen kunne sitja ned medan dei åt appelsina eller drakk kakaoen. Oppover Fossabrekko gjekk det sikk-sakk løype etter sprekingane som ville lenger innover Kvelve, mot  Martebrotet  og der ikring. Altså ein eventyrdag på fjellet.  

På storeplassen ved Fjellstova vart det etterkvart så fullt av bilar at det vart manko på parkeringsplassar. Noko ein freista ordna på store utfartsdagar seinare, ved at idrettslag organiserte parkering – mot avgift.