Skipsklokka til jagaren »STORD» – kvar kan ho vera?

Oppslaget om  skipsklokka til KNM «Stord»  frå Sunnhordland  6. juli 1959.

Jagaren KNM «STORD» har ei sentral rolle  Nicholas H. Møllerhaug si bok «Farmor og farfars krig», med undertittel «Ei krigsseglarhistorie 1940-2023». Det vart særs godt frammøte då boka blei presentert på Maritimt Museum på Nattrutekaien seint i haust, der mange tok seg tid  til studie av minneveggen for jagaren som er montert i museet.  Der heng no namneskiltet og  diverse anna frå skipet, minne som i mange år  hong i andre høgda i Rådhuset, godt synleg for besøkande.

Men ein viktig ting manglar i muse-samlinga: – Skipsklokka. Av oppslag i Sunnhordland 6. juli 1959 er det på det reine av  skipsklokka og namnebrettet tilhøyrande jagaren vart overlevert på ordførarkontoret 2. juli 1959.  Dette skjedde etter at  KNM «Stord» vart selt til opphogging.

Kvar kan så skipsklokka vera vera? Stordront.no retta spørsmålet til kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen. Ho svara:

«Dette har blitt ei gåta for oss – me er usikre på om skipsklokka er lagra her på kulturhuset, me har leita høgt og lågt men ikkje funne ho… me mistenkjer at ho ikkje er på kulturhuset, men har auga opne i tilfelle ho skulle dukka opp. Me har og vore i kontakt med rådhuset – men dei har ikkje funne klokka dei heller.

Enn så lenge forblir dette eit mysterium….»

Nokon som har tips i saka? Send gjerne nokre ord til tips@stordront.no

– Maritimt Museum har laga til eigen minnevegg for jagaren Stord – men me saknar skipsklokka, seier Gunnar Bjørk. (Foto: Steinar Hystad)