Oteren gav ikkje svartbaken ein sjanse…

Endeleg ein dag med opplett, stille sjø og fine torskar i garnet. Den store svartbaken kom sigande til sin faste plass ved bryggekanten  i von om godt å eta,  då Anders Bjørk gjekk i gang med å «gjera opp» fisken.  For dei store måkane er slo godt mat, og det var slikt han nebba i seg då morgonidyllen heilt sør på Kråko brått vart broten.  Ein oter kom opp frå djupet i stor fart og styrte rett mot strupen på svartbaken og hogg til.  Stormåken hadde ikkje ein sjanse.

– Den yngste hunden min var den som oppdaga hendinga først, han gjødde kolossalt og var på nippet til å hoppa uti å prøva seg mot oteren. Hunden heldt seg heldigvis på kaien, og eg fekk i medan  opp mobilen og klarte filma episoden  då oteren prøva dra  storfuglen med seg. Det klarte han ikkje,  og forsvann.  Ei havørn sirkla ei stunder over den daude  fuglen, men let han i fred og me fekk grove han ned.

Som ihuga hjortejeger og hobbyfiskar, med hytte tett i sjøkanten ytst i Hellandsfjorden er det blitt mange  naturopplevingar for minneboka til Anders Bjørk.   Å vera vitne til oteren ta svartbaken, som nærast var blitt som ein  kjenning ved bryggekanten, – det omtaler Bjørk som ei sterk oppleving.

– Slik sett var deet kjekkare sist eg såg oter i sjøen her, den låg på rygg og åt ein fiska han hadde fanga.

Bjørka ser sendt Stordront filmsnutt frå hendinga i romjula