Ein time før spelestart søndag kveld klokka 1900, var det fullsett i storsalen på Stord Hotell. Det skulle seia sitt om interessa for eit nytt gjenhøyr med dugande musikarar i Stord Stordband. Denne gongen under leiing av ein sprudlande dirigent/konferansier Stein Roseth. Frå første tone var det klart at her vart det «trøkk» og presis avlevering av både høgtsvingande og jazz-takter av det meir rolege slaget. Alt framført med «ton(n)evis» av røynsle. Eller som ein av trompetistane sa det: – Det er i slike stunder me nyt godt av dei 10.000 øvingstimane me la bak oss i særs aktive ungdomsår. Og som det høver seg i denne musikkforma, vart eit lyttande publikum undervegs i konserten påspandert sollistinnslag av beste sorten. Det er berre å takka for ei ei ny gild musikkstund frå Stord Storband.