Uvisse for denne parkeringsdelen

Noko uvissst om det framleis blir parkering på dette arealet på Vabakkjen. (Foto: Steinar Hystad)

Rundkøyringa ved Circle K på Vabakkjen har fått si fjerde av-og på-køyrsle. Den leiar trafikken til- og frå nye yrkesfagavdeling til Stord vidaregåande skule, pluss til delen av den store parkeringsplassen som ligg mot inngangen til Landåsen. Nemnde vegar er klare for asfaltering innan kort tid.

Det som er noko meir uvisst, er kva som skjer med delen av storparkeringsplassen  mot aust og busstoppen på Vabakkjen. Mannskap som  dreiv klargjering for legging av fast dekke i på nye vegar, meinte på at det hadde vore  snakk om å bruka denne delen til anna føremål enn bilparkering.  Gangveg opp til skulen skal gå i dette området. Men færre  parkeringsplassar på Vabakkjen er det likevel ikkje snakk om, dei blir berre flytta. I nordenden av nyeskulen, mot Studalen.