Overvatnet forsvann

No renn overvatnet  til sjøs via opne grøfter. (Foto: Steinar Hystad)

Dette blir ei takkehelsing til «rette» fylkeskommunale veginstans, og kjem frå brukarar av fylkesvegen på Huglo mellom ferjekaien og skulehuset/bygdehuset. På flaten like før Myrvold Gard har det over lang tid samla seg overvatn grunna tette grøfter. På kalde dagar fraus vatnet til glattis og vart eit farleg parti å passera. Den uheldige utviklinga vart teken opp med vegeigar, fylkeskommunen – som responderte med ankomst av mannskap og maskinar og opna grøfter. Det var det som skulle til.