By-namnebyte  ikkje på agendaen no

Byen  Leirvik i Stord kommune  – eller tettstaden Lervik byen Stord? (Foto: Steinar Hystad)

David A. Tørre får takk frå Stord kommune for engasjementet han har vist i saka som gjeld vedtaket i Stord kommunestyre om å døypa byen Stord.  Eit vedtak Tørre meiner kan vera i strid mot regelverket, som seier at det berre er tettstader som kan ha «bynamn».  I Stord er det etter føresegnene til Statistisk sentralbyrå to tettstader:  Sagvåg og Leirvik.  For å opptre korrekt, rår David A. Tørre  til at kommunen held på namnet Stord, medan dei to tettstadene  får bystatus.

Siste nytt i saka er at kommunen, ved plansjef Lovise Vestbø,   takkar Tørre for engasjementet, og skriv:

«Denne saka står ikkje på agendaen vår i Stord kommune no. Me set likevel pris på både interesse og undersøkingar som er gjort».