Hjartefin julehelsing

Vakkert syn på toppen av bergnabben over tredj parkeringsdekket på Amfi. (Foto: Steinar Hystad)

Det er mykje fint i lys å sjå rundt oss i desse dagar. Reine kunsten somme stader og gode påminningar om at hjarta skal har eit viktig ord med i laget når klokkene kimar til høgtid. Neste gong du parkerer på toppdekket ved Amfi Stord og vender blikket mot toppen av bergnabben i vest, ventar det eit vakkert syn av eit vakkert forma lyshjarta.

Ei julehelsing å merka seg, så absolutt.