Ein historisk treårsperiode for arbeidsløysa i Sunnhordland 

I desember var talet på heilt arbeidsledige i Sunnhordland 1,0 prosent av arbeidsstyrken, noko som tilsvarar 314 personar. Det er om lag på same nivået som november månad. Andel heiltidsledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland har ikkje vore så lav over ei så lang periode tidlegare.  

I 2022 var andel heiltidsledige 1,3 prosent, i 2023 var den 1,0 prosent og i 2024 enda andel heiltidsledige på 1,1 prosent. Snittet for åra 2000-2021 var 2,7 prosent, med ein topp på 4,1 prosent i 2016. Heiltidsledige er personar registrert som arbeidssøkarar hos Nav, har vore utan arbeid dei siste to vekene og er tilgjengeleg for ordinært arbeid. 

– Med eit no stabilt, lågt nivå for arbeidsløysa i Sunnhordland, vil me i Nav også i tida framover vera ein viktig samarbeidspartnar for bedrifter i regionen som ønsker å rekruttere. Likevel ser me at det framleis er mange som står utanfor arbeidslivet, men som har eit mål og ønske om å kome i arbeid, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav region Sunnhordland. 

– Som eit ledd i å både inkludere dei som står utanfor og drive rekrutteringsbistand for bedriftene, har me dei siste åra mellom anna starta opp fleire kvalifiseringsløp i samarbeid med det lokale næringslivet, noko me ser på som svært nyttig både for arbeidssøkarane og bedriftene våre, seier Håvard Lægreid.  

Etablerer nytt prosjekt for å skape fleire fagarbeidarar 

Nav oppdaterer jamleg sin arbeidsmarknadspronose for Noreg. I prognosa publisert i desember i år, spår ein at arbeidsledigheita på landsbasis i 2025 vil halde fram med å auke noko, men i eit saktare tempo enn den har gjort.  For 2024 enda den nasjonale arbeidsløysa på 2 prosent, og er venta å auke til om lag 2,1 prosent i 2025 og 2,2 prosent i 2026. 

– I Sunnhordland er det venta at ledigheita vil halde fram med å ligge på eit lågare nivå enn resten av landet i 2025. Oljeinvesteringane er venta å halde seg på eit høgt nivå også i det neste året, noko som er positivt for industrien i regionen vår. Det vil difor også i det komande året kunne bli utfordrande å skulle få tak i kvalifisert arbeidskraft. For å hjelpe til med dette vil me i 2025 gå i gang med eit prosjekt saman med fylkeskommunen og fleire arbeidsgivarar i regionen vår, i ei satsing som blir kalla Fagveg. Her vil aktuelle arbeidssøkarar gå gjennom ei fleksibel og tilrettelagt opplæring for å oppnå kvalifikasjon som fagarbeidar, seier Håvard Lægreid.  

Framleis høg andel uføre i region Sunnhordland  

I Sunnhordland er talet på uføretrygda 11,3 prosent av arbeidsstyrken, noko som er høgare enn snittet både nasjonalt (10,5 prosent) og i Vestland (8,9 prosent). Blant kommunane i Sunnhordland er det Kvinnherad som har det høgaste snittet med sine 12,3 prosent, noko som er 2,5 prosentpoeng høgare enn den kommunen i Sunnhordland der det er lågast, som er Bømlo med 9,8 prosent. 

– Me i Nav skal sørge for at dei personane som mottek uføretrygd, og som tek kontakt med oss med eit ønske om å kome i arbeid, skal få god rettleiing og bistand til å oppnå dette. Vårt mål er at dei som kan kombinere uføretrygda si med ei arbeidsinntekt, skal få høve til dette, seier Håvard Lægreid.