TAPAS har nok ein gong gleda av å invitere til julekonsert. Julekonsert med TAPAS har dei siste åra blitt ein kjær tradisjon for mange. Etter stor suksess dei siste åra, utvidar dei i år turnéen igjen, og denne gong til Husnes. I år kjem TAPAS dermed til Husnes, Onarheim og Stord.
TAPAS består av Frida Pedersen Nygård, Ragnhild Kleppe, Sandra Linnèa Lindwall og Rebecca Hammersland. Med deira særeigne stemmer syng dei harmonisk og vakkert. Kvar for seg er dei framifrå solistar, men samspelet dei har seg i mellom er unikt og skapar ei magisk atmosfære. Saman og som solistar tolkar dei kjende og mindre kjende låtar. Repertoaret spenn seg frå poplåtar til folketonar, og kjære juleklassikarar er sjølvsagt med.
Harald Onarheim, journalist i Sunnhordland, skreiv dette etter julekonserten i 2019:
«TAPAS er ein juvel som eg ikkje kjende til før konserten i kyrkja vesle julaftan. Dei gav meg, og eg vil tru dei andre tilhøyrarane, ei oppleving som ein ikkje får kvar dag her på Stord. Utan å vera ekspert på korsong, så vil eg påstå at dette må vera i verdsklasse».
– Me gledar oss til å halda julekonsert i år igjen, og håpar å sjå deg der, seier damene i vokalgruppa.
Konsertane i Stord kyrkje er sett opp vesle julaftan klokka 16:30 og 19:30. Billettar kjøper du på Stord kulturhus sine heimesider.