Trong for kostebilbesøk –  og litt meir

Ikkje så veldig tiltlande gangveg dette, med tett rist midt i. (Foto: Steinar Hystad)

Det har runne nokre hundre hektoliter regnvatn nedover den «skjerma» gangvegen langs Vikabrekko siste tida. Vatnet har drege med seg massevis av  brunt lauv og furunåler. For å skriva som sant er, ser det ganske «basje» ut der elevar og anna godtfolk skal gå eller sykla til og frå.  Eit besøk av  kostemaskin er ønskjeleg – og då kan mannskapet gjerne ta med utstyr for reinsking av  rist som er «gått potta tett», som me sa i farne tider.