Ein treng ikkje så veldig langsiktig minne, for å kunna mimra om den gongen det på denne tid av året var fullt i juletreseljarar på Leirvik Torg. I tillegg til produsentar på øya, kom det tilreisande frå både Tysnes og Bjoa med friske tre. Kundetorget i Rådhuset bad gjennom annonse i Sunnhordland om at juletreseljarar måtte søkja plass i god tid.
Karsten Tyse røktar sin juletreskog på FJellgardane og hugsar godt denne tida. Den store pågangen til Torget, er då også grunnen til at han nokre tiår har hatt sine faste salsplass for eldelgran og andre tre ved Esso-stasjonen i Sæ (dagnes Deli de Luca»).
– Første åra prøvde med oss ved salslaget sin butikk på Heiane, men det var før næringslivet var kome skikkeleg i gang der ut. Me vende difor blikket mot Vikjo og torget men fekk opplyst at der var det fullt. Då fann med denne enden av parkeringsplassen til bensinstasjonen og fekk leiga oss inn der. Sidan har me hatt denne plassen.
– Og no er de blitt den einaste som sel juletre på Vikjo?
– Ja, det er rart kor ting har endra seg, seier Karsten Tyse til Stordront.no