Skal på jobb utan mannskap

Båten som vart last om bord på Vikafle er 35 meter lang – og skal ut i mannskapslaus fart. (Foto: tipsar)

Sjølvkøyrande bilar  prøver seg i trafikken. Snart skjer det same med mannskapslause båtar på sjøen.

Dei som såg mot den blå lastebåten på Vikafle tysdag, BBC EAGLE, kunne sjå tre slike båtar. To godt festa på lastelukene, og ein som låg på sjøen klar til å bli heist om bord. Den er bygt i Polen, for Fitjar mekaniske verkstad. I lasterommet står tre liknande båtar. Alle med nemninga autonome farty – og alle på veg til Southampton i Sør-England for ferdiggjering. Skipa skal styrast frå land når dei skal til sjøs for å utføra oppdrag, til dømes innan inspeksjon og kartlegging, etter det stordront.no får opplyst.