Grundig innspel om gatelys utan lys

Pålen vender armaturen mot grendahuset. (Foto: Google Street View)

Ein gong Hageberg skule, i seinare år omdøypt til grendahuset på Hageberg, som blir drifta av Stranda vel. Og nett dette vel’laget har levert ein av dei grundigaste søknader om kommunal støtte og hjelp Stordront.no har lese. Det gjeld  spørsmålet om igjen å få lys i tre armaturar som heng på  kvar sin påle ved Grendahuset. Lysa vart slått av for nokre år sidan, truleg grunna høg straumpris.

Området framstår no som heilsvart på kveldstid, sjølv om det er samlingsplass for folket på Strando, busstopp og miljøstasjon for SIM. Slik kan med ikkje akseptera at det skal vera vidare, skriv vel’et i budsjettinnspelet til Fitjar kommune.

Kven har så ansvaret for dei svarte lyspunkta? Stranda vel har undersøkt hjå plan- og miljøeininga i kommunen, som kontakta fylkeskommunen, som meinte dette var ei sak å ta opp med vegtrafikksentralen på telf 175.  Sentralen vart kontakta, men der meinte dei at dette var lys sentralen ikkje hadde ansvaret for. Så gjekk vegen til Haugaland Kraft, som viste til ei nettside der tre lyspunkt ved grendahuset er tydeleg innføre i manntalet – men  står utan nokon driftsavtale. Ikkje fann dei historien til veglysa heller. Fitjar Kraftlag neste. Der svaret m.a. viste til at Strand Vel  rett nok er abonnent på straum til skulebygget, men ikkje abonnent på gatelys.  – Så gatelysa ligg truleg hos Fitjar kommune, konkludereer Kraftlaget/Fagne.

Sidan to av lysa er vendt inn mot skuleplassen på Hageberg, er det naturleg for oss å signalisera at me er ganske sikre på at desse lyspunkta har vore kommunale, skriv Stranda Vel. Det blir sluttleg signalisert ønskje om at lysa vert funksjonelle att frå september 2025 og at Fitjar kommune betalar for kostnadane.