Etter fleire år med store underskot og vanskelege budsjettprosessar, så var årets budsjettmøte i Helse Fonna av det enkle og lystige slaget.
Av Magne Kydland, Helse Fonna
Inntekter på 4,9 milliardar kroner, og eit årsresultat på 10 millionar kroner.
Det er dei tørre tala i neste års budsjett for Helse Fonna.
– Føretaket har mykje betre økonomiske føresetnader for å kunne ha fagleg og økonomisk berekraftig og utvikling no med betre styring av økonomien i føretaket. Det er likevel viktig å halde fram med det gode arbeidet som pågår i heile føretaket, seier administrerande direktør Anders Hovland.
Det var uvanleg god stemning då styret måndag vedtok neste års budsjett og investeringsbudsjettet for 2025. Kanskje ikkje så rart, sidan dei siste års budsjettprosessar har vore svært krevjande.
Sjølv om det i budsjettet neste år er lagt opp til at ein skal ende med 10 millionar i pluss på botnlina, så er det likevel ein del risikofaktorar. Blant anna lønskostnader, rekruttering og vaktberedskap, varekostnader, sjukefråvær, gjestepasientar og sjukefråvær.
Store investeringar
Administrerande direktør oppsummerer budsjettet slik:
– Det er administrerande direktør si vurdering at budsjettet som er lagt frem har ei strategisk retning som samsvarer med det overordna føringar, krav og forventningar til føretaket, samt gjer dei prioriteringane som er naudsynte for å styrke og ivareta føretaket si evne til å gjere dette framover. Budsjettet har ei grundig forankring i føretaket på alle nivå, og er vurdert å vere realistisk. Det er innarbeidd ei rekke tiltak som både skal bidra til god ressursbruk, gode prioriteringar og gode tilbod og disse vil følgjast tett opp i det kommande året.
Helse Fonna skal neste år investere 538 millionar kroner i bygg, medisinteknisk utstyr og IKT. Mesteparten av dette (453 mill. kr.) går til byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus. 35 millionar kroner er til andre bygg rundt om i føretaket.
Klinikkane har saman med medisinsk teknisk avdeling (MTA) utarbeidd ei prioriteringsliste for investeringar på 35 millionar kronar. IKT-investeringane på 5 millionar kroner er knytt til investeringar som helseføretaket sjølv må finansiere for å kunne ta i bruk ny teknologi.
Den resterande summen på 10 millionar kroner går til diverse utstyr og køyretøy.
Går i pluss
Helse Fonna enda med minus 7,7 millionar kroner for drifta i november. Prognosen for 2024 er på minus 15 millionar kroner. Det blei i november varsla ei eingongsbevilling til helseføretaka på 1,6 milliardar kroner. Det er enno ikkje klart kor mykje av dette Helse Fonna vil få, men det er venta at dette vil bidra til eit positivt resultat for 2024. Dette bidreg til ein positiv inngang for budsjettåret 2025.
Elles viser rapporten frå november same tendens som dei siste månadene: Høg aktivitet, kortare ventetid, mange utskrivingsklare pasientar som blir liggjande att på sjukehusa og svært lågt sjukefråvær.
– Det er 1300 færre pasientar som ventar eller er i behandling. Det er avslutta nesten 1000 fleire pasientar enn nytilviste. Dette gir utslag i kortare ventetider og er eit resultat av godt arbeid med desse. Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i november 63 dagar for behandla og 55 dagar for ventande pasientar, oppsummerer Hovland. Han understrekar også kor viktig det er å ha fokus på økonomi.
– Underskotet for november er større enn venta, og er eit avvik frå den positive utviklinga som har vore så langt i år. Det er framleis variable lønnskostnader som bidreg mest til det samla avviket, men det er og høgare kostnader knytt til behandling ved andre føretak. Avviket syner behovet for å drive med større positive marginar i året som kjem, noko som blir følgt tett, både ved utgangen av året og for året som kjem, forklarar Hovland.
Nærmar seg ventetidskrav
Styret fekk også ein grundig gjennomgang av Årleg melding, eit dokument på 50 sider som rapporterer om status på mål og krav som er stilt i oppdragsdokument og føretaksmøte.
Her kjem det fram at Helse Fonna har lukkast med mykje i 2024, kor dei fire viktigaste områda å løfte fram er ventetid, økonomi, kvalitet og pasientsikkerheit.
– Føretaket har sidan hausten 2023 hatt eit ekstraordinært fokus på, og arbeid med å redusere ventetida for pasientar. Det har vore gjennomført eit stort arbeid på alle nivå i organisasjonen med ulike tiltak. Innsatsen har lukkast godt og føretaket ligg per november under målkravet for ventande pasientar og nærmar seg målkravet for behandla pasientar. Det er venta at måla for behandla pasientar vil bli nådd i løpet av våren 2025 i samsvar med krava i Ventetidsløftet. Føretaket har og gjennomført ein vesentleg økonomisk snuoperasjon gjennom året, og er venta å nå det økonomiske målkravet for 2024. Med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane dei siste tre åra, må den jobben som er gjort på alle nivå av føretaket for å få dette til framhevast. Resultatet skal sikre vidare investeringsevne for personell og infrastruktur, og held frem i året som kjem, står det å lese i oppsummeringa.
Færre fristbrot
Vidare vert det trekt fram at det blir jobba godt med kvalitet og pasienttryggleik, eit godt arbeidsmiljø med god meldekultur, og at føretaket aldri har hatt så mange forbetringsprosjekt som no.
– Den satsinga som er gjort på faste og heile stillingar syner eit tydelege endring i ønska retning. Dette er ei endring som skal bidra både til betre arbeidskvardagar, meir stabil rekruttering, langvarig arbeidsdeltaking, betre arbeidsmiljø og betre pasienttryggleik, heiter det i rapporten.
Det blir også vist til eit godt regionalt samarbeid knytt til oppstart av Vestlandslegen i 2026. Arbeidet med å redusere forbruket av breispektra antibiotika har gjeve godt resultat, men forbruket er framleis for høgt. Det er og svært positivt at ein har nådd målet for kliniske behandlingsstudiar i 2024, medan digitalisering og utvikling av digitale forløp og brukarstyrt poliklinikk er område der føretaket framleis har eit utviklingsbehov.
– Her er det sett i gang ei satsing, mellom anna med oppretting av eit digitalt helseteam, og det er stort potensiale for å lære av dei andre føretaka i regionen og i landet elles. Føretaket har og hatt ein stor reduksjon i talet på fristbrot, og samanlikna med november 2022 og 2023, låg talet høvesvis 188 og 18 prosent høgare. Dette er likevel framleis eit område som krev vidare innsats og tiltak i det kommande året, står det å lesa i Årleg melding.
Skryt frå brukarutvalet
Brukarutvalet sluttar seg til vurderingane som kjem fram i Årleg melding, og kjem med mykje skryt av arbeidet som er gjort med å involvere brukargruppene.
– Helse Fonna var eitt av føretaka i regionen som kom best ut av regional internrevisjon om brukarmedverknad. Fleire av revisjonen sine tilrådingar er følgt opp i løpet av året. Brukarutvalet bad i fjor om å bli tekne meir med i føretaket si planlegging og gjennomføring av forskingsprosjekt. Denne oppmodinga har blitt følgt opp, og vi set stor pris på å bli haldne løpande orienterte og få komme med innspel til forskingsemne som kan ha stor verdi for våre pasientar, ikkje minst i utviklinga av kliniske studiar i føretaket. Det gler oss difor at talet på kliniske studiar har auka stort dette året. Brukarutvalet takkar for det gode samarbeidet som vi har hatt med Helse Fonna sitt styre og administrasjon, og håpar at den gode utviklinga som har vore siste året innan pasientbehandling, kvalitet og pasienttryggleik vil halde fram i året som ligg føre oss, skriv Grete Müller, som no går av som leiar i Brukarutvalet.
Brukarutvalet viser til det gode arbeidet som er gjort på augeavdelinga i Haugesund og sårpoliklinikken på Stord, som resulterte kvalititesprisen i Helse Fonna tidlegare i haust.
Nøgd styreleiar
Brukarutvalet har gjennom mange år vore opptekne av bygningsmassen på Stord sjukehus og Valen sjukehus, og er glade for at det no endeleg skjer noko.
– Brukarutvalet har følgt utvidinga av spesialisert rehabilitering ved Stord sjukehus tett, og er godt nøgd med at ein no legg dei bygningsmessige forholda til rette for at pasientar, som blant anna etter behandling ved slageininga, skal komme raskt i gang med opptrening. Brukarutvalet har i fleire år engasjert seg i dei vanskelege buforholda til pasientar på sikkerheitsavdelinga på Valen sjukehus. No ligg det an til at det kjem ny sikkerheitsavdeling, og det er svært gledeleg at ein er i gang med forprosjektet, skriv Müller på vegner av Brukarutvalet.
Også styreleiar Petter Steen jr. er nøgd med stoda. Han oppsummerer slik:
– Det er svært mange piler som peikar rette vegen for Helse Fonna no. Ventetidene går ned, og sjukefråværet er redusert. Dette er svært positivt både for pasientar og tilsette. Også økonomien har betra seg kraftig gjennom 2024, sjølv om vi hadde eit større overforbruk i november enn det vi hadde vona. I 2025 må vi gå i pluss. Dette er naudsynt for å finansiera dei store og viktige investeringane som ligg framfor oss i åra som kjem. Moderne og tenlege lokale og moderne medisinsk-teknisk utstyr er avgjerande både for å få til effektiv drift med høg kvalitet og for å vera ein attraktiv arbeidsplass for nye medarbeidarar innan alle fagområde, seier Petter Steen jr., som får støtte frå styremedlem Per Karlsen, som er økonomidirektør i Helse Vest RHF.
– Det er ein imponerande jobb som er gjort av alle i heile føretaket for å snu økonomien. Eg skal innrømme at eg var litt skeptisk til det som blei presentert i starten av året, men dette går veldig rett veg, og eg gler meg til neste år, seier Karlsen.