Tetta renna – og det blei fossefall i stampa

Vatnet fossa gjennom  stampa ved Vikabekken. (Foto: Steinar Hystad)

Tidleg måndag fekk  driftsleiar ved Sunnhordland Museum melding om at det fossa vatn ut frå stampa, den nederste bygningen ved Vikabekken oppom Kulturhuset.

Det vart utrykking, og det viste seg  at ubedne gjester hadde «tetta»  renna som fører vatnet inn til  stampa, når den skal i arbeidet. Det er det lenge sidan stampa har vore. Difor er det i renna vanlegvis eit ope felt, slik at vatnet renn rett i bekken.  Mannskapet frå museet  fann at ukjende plankar var lagt over «holet» i renna og såleis fossa vatnet rett inn og gjennom den gamle bygningen. Heldigvis vart det ikkje gjort større skade.  

Som ein naturleg følgje av  mykje nedbør siste tida – er det for tida stor stor vassføring i Vikabekken.

Vanlegvis er det eit ope feilt i renna (det lyse feltet) kor vatnet renn rett i bekken. (Foto: Steinar Hystad)